Startsiden                      Om oss                       Produkter                      Kontakt

Velkommen!

Kaupanger bil AS er ein autorisert bilverkstad som er med i ei av Noregs fremste verkstadkjeder, AutoMester.

Me utfører service og reparasjonar på alle bilmerker, til og med nyare bilar med fabrikkgaranti! I samband med hovudservice får du med eitt års mobilitetsgaranti.

Hjå oss får du to års garanti på arbeid og deler, og me brukar kun originaldeler.

Godkjent for periodisk kontroll på bilar opp til 3500 kg.

Me gir fast pris på alt av reparasjonar, uansett bilmerke.

Du får tilbod om leigebil i samband med service eller reparasjonar.

Småjobbar/oljeskift/dekkskift tek me som oftast utan avtalt timebestilling, og du kan nyta ein kopp med kaffi medan du ventar.

Me har alltid gode prisar på dekk og felgar, og kan skaffe omlag alle dekkmerker. Omlegging er alltid med i prisen når du kjøper nye dekk av oss.

Hjå oss har me alltid det nyaste og mest oppdaterte verktøyet og utstyret som trengs til dagens høgteknologiske bilar!

Med svært dyktige mekanikarar som er godt skulerte og kursa, kan du vera trygg på at bilen din er i dei beste hender. I tillegg blir våre mekanikarar jevnleg oppdatert gjennom kurs og messer på dagens kompliserte bilteknologi.